- Lage ein ny branch du kan gjere endringar i, før du legg det inn i master:
git checkout -b branch2
Det som no skjer, er at det blir laga ein ny branch (sjå på det som ei "virtuell" arbeidsmappe), som har med alle endringar sålangt.
git branch
viser kva for branchar du har i repoet ditt, her vil det stå "* branch2" og "master", der '*' tyder aktiv branch.
- Gjer nokre endringar, til dømes lag ei ny fil, og gjer endringar i ei anna fil.
git -a -m "endringar i branch2"
- La oss prøve å få branchen over på serveren:
git push
No får vi ei feilmelding fordi branchen ikkje finst på serveren. Vi kan gjere som git føresler:
git push --set-upstream origin branch2
- Så kan vi gå på Bitbucket igjen, og sjå på Source. Der kan vi no velge å sjå source for "branch2".
- La oss så sjå korleis ting ser ut i det andre terminal-vinduet:
git branch
Her ser vi at vi berre har ein branch, nemmeleg 'master'.
git pull
Vi får då beskjed om at det finst ein 'branch2'. Vi kan då
git checkout branch2
for å begynne å jobbe i denne.
- Gjer nokon endringar i fil1.txt og commit dette.
- Du kan gjere endringar litt fram-og-tilbake mellom dei to vindua for å sjå på oppførselen, redigeringskonfliktar og så vidare.
For å gå fram-og-tilbake mellom dei to ulike branchane, bruk git checkout branchname
Hugs å commit endringar!
- Til slutt, om ein så finn ut at alle endringane i branch2 er bra, og vil ha dei med i master igjen, kan ein:
git checkout master
git merge branch2
Sjekk innhaldet i mappa før og etter ein køyrer desse kommandoane, så ser ein kva git gjere. Så må dette leggast tilbake på server med git push
Då kan du sjå alle endringane på bitbucket igjen.
Lykke til!